Bergenstudenten er lagt ned

04.02.2014 14.59

Velferdstinget i Bergen bestemte hausten 2013 at Bergenstudenten-prosjektet, som vart oppretta i 2004, ikkje skulle vidareførast. Prosjektet, som lenge fungerte svært bra, er blitt mindre og mindre relevant med framveksten av store nettsider som formidlar husvære. Det vil difor ikkje vera Bergenstudenten sumaren 2014.

For å sikra at den kunnskapen Bergenstudenten har opparbeidd seg ikkje skal gå tapt har me samla og oppdatert den eksisterande informasjonen og lagt den ut på Velferdstinget sine nettsider.   Om du har spørsmål kan desse rettast til Velferdstinget.